Norsk Veteranvogn klubb

Forsiden > Arrangementer > Vossa Rudl'n
Vossa Rudl'n Skriv ut E-post
Skrevet av Knut Marstein torsdag 28. januar 2010
 
 



Tema ”50 år sidan bilsal var frigjeve” – ”BIL for ALLE”      


Då andre Verdskrigen tok slutt i 1945,var forventningane til etterkrigstida rosenraude også med tanke på bilbransje og bilisme.
Men grunna strenge valutarestriksjonar vart bilbransjen pålagd strenge rammer. Nybilimport og deleimport var sterkt avgrensa;
og det oppsto eit enormt etterspurnadspress etter motoriserte køyretøy – både til yrkesbruk og privat. Denne ”unntaks-situasjonen”
varde ved like til 1. oktober 1960; då bilimport og bilsal omsider vart fritt att.
Presset etter motorkøyretøy auka jamt og trutt utetter i 1950-åra; og gav seg mange og spesielle utslag: Eitt av utslaga var at
mangelvara BIL kom til å få uvanleg stor merksemd i samfunnet; -både i yrkessamanheng og i private relasjonar.
Valutarestriksjonane førde til at alt eksisterande bilmateriell som kunne reparerast, blei reparert for å kunna halda seg rullande. Austeuropeiske bilmodellar som Noreg bytta til seg gjennom tosidige varebyteavtalar med kommunistlanda vart selde fritt, og
kom til å få ein framtredande plass i norsk vegtrafikk. Og dei mest kreative og teknisk kunnige personane blant oss, presterte faktisk
å bygge sin eigen bil; -basert på tilfeldig komponentar og heimelaga konstruksjonar
1960 er såleis eit merkeår i norsk bilhistorie. Den ekstreme bilmangelen frå 1950-åra vart avløyst av fritt bilsal. Døra vart opna for
moderne massebilisme i Noreg!
Me set kulturhistorisk fokus på tida kring 1960 med å invitere til gjensyn med bilmodellar frå denne tidsepoken; men ynskjer likevel
alle velkomne som deltakarar, innanfor Norgesløpet sine vedtekter.


Sjølve Norgesløpet går av stabelen laurdag 5. juni      
Start på Bømoen leir kl. 11:00, oppstilling kl. 08:30.      


Bømoen leir er i seg sjølv ei kulturhistorisk ramme, med heile 26 bygningar som er freda av Riksantikvaren. Norgesløpruta vil denne
gongen gå i Vossaområdet. Start- og målgang vil verta i Bømoen leir. Lengda på løpet vert maks 5 - 6 mil.
Me inviterer til eit 3-dagars kulturhistorisk arrangement, Filmkveld/aperitiff fredagskveld, løpet laurdagen og avslutning med vandring
i Bømoen leir sundag.

Køyretøy til og med 1980 kan delta, men komiteen tek atterhald om å avgrensa antal ”nyare” køyretøy. Maksimalt antal deltakande
køyretøy er sett til 150. Ver snøgg med å senda påmelding! Denne gongen som sist: ”fyrst til mylna får fyrst mala”.

 

Fyll ut vedlagde påmeldingsskjema og send innan 9. april 2010.      

(Etter Norgesløpet sine vedtekter gjeldande frå 2006, skal påmeldingsfristen vera 2 månader før løpsstart.)      
Det vert altså ikkje høve til etterpåmelding.      


Startkontingenten er på kr 350. Det er ynskjeleg at dette vert førehandsbetalt på giroar utsendt av oss, samtidig med
deltakarstadfesting.

Fredag 4. juni 

Ettermiddag/kveld vert det framsyning av film i Vossasalen kl 20:00.

Laurdag 5. juni

Norgesløpet VossaRudl’n 2010 Lunsj undervegs og løparfest i Vossasalen Park Hotel Vossevangen

Sundag 6. juni

Føremiddag vert det ”Byvandring” i Bømoen leir - omvising og foredrag.

Fredag og sundagsarrangementet vert nærare omtala i programmet.

 

Løpsprogram vert sendt, elektronisk, like etter påske til påmelde. For dykk som ikkje kan motta dette elektronisk sender me via
post.

Overnatting


Løpshotell er Park Hotel Vossevangen – bestill overnatting på
5653 1000 eller e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen .

Fredag til sundag  
Kr. 625.- per pers. per døgn i dobbelt rom inkl. frukost
Kr. 875.- per pers. per døgn i enkelt rom inkl. frukost
Born: 0 – 4 år gratis i foreldre sitt rom
5 – 15 år 50% rabatt i foreldrerommet.

OBS – Ved bestilling, opplys at du er deltakar i Norgesløpet VossaRudl’n 2010.

Festmiddag
Norgesløpet VossaRudl’n har tinga Vossasalen med bordkapasitet inntil 500 personar . Me kan såleis garantera at alle
deltakarane får sitja samla i spisesal og delta i felles festprogram.
Middag er kr 485.- pr. pers.
Dersom de ikkje overnattar på Park Hotel Vossevangen, må de bestilla og betala middag på førehand, i resepsjonen.

Andre sentrale overnattingsbedrifter er:
Fleischer’s Hotel
Jarl Hotel
Eller sjå internett www.visitvoss.no

  

Velkomne til vakre Voss

Venleg helsing Køyretøy Historisk Klubb Voss